Utholdenhet. Utholdenhet. Utholdenhet.

06.01.2016
Dette er- i prioritert rekkefølge- suksesskriteriane til Rita Frifeldt og næringshagen Medvind i Vindafjord.
På ordførar Vierdals nyttårssammenkomst i Ølen Kulturhus søndag fekk næringshagen kommunens næringspris.

- Næringshagen er blitt ein sentral aktør for dei som vil skapa og utvikla eigne verksemder og arbeidsplassar i kommunen, heiter det i grunngjevinga frå komiteen.

Dagleg leiar Rita Fridfeldt (bildet)  har i dag 22 bedrifter samla under same Medvind-tak i Ølensvåg, og ønska i takketalen velkommen til endå fleire verksemder som kunne tenka seg å bli ein del i kontorfellesskapet.

- Det er svært viktig å ha eit tilbod om kontorplass til gründerar og små næringsverksemder. Me ønskjer å ha plass til alle. Medvind Næringshage stiller med rettleiing for gründerar, og tilrettelegging for nyskaping i både nytt og etablert næringsliv. Dersom nokon treng ein sparringpartner eller hjelp til vidareutvikling, stiller me opp, sa Fridfeldt.

Medvind Næringshage blei etablert i 2012, og er eigd av Vindafjord kommune, Ølen Betong, Berge Sag og Trelast, Omega og Westcon Yards. Eigarsamansetninga er ein av grunnane til at næringshagen har utvikla seg som han har gjort, meiner Fridfeldt.

- Det gir ekstra kraft til suksess i næringsutvikling når det offentlige og det private samarbeider, påpeika Fridfelt, som nytta høve til å gje følgjande råd for vellukka næringsutvikling framover:

- I året som kjem er det om å gjera å gripa moglegheitene og ta fatt på utfordringane som ligg føre oss. Kriteria for suksess er i prioritert rekkefølgje: "1. Utholdenhet, 2. Utholdenhet og 3. Utholdenhet," seier Rita Frifeldt til nettstaden Medvind24.

 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund