utenlandsk_arbeidskraft_0

Fellesforbundets ekspert på sosial dumping meinar bedriftene i byggebransjen har eit bruk og kast-forhold til utanlands arbeidskraft.

Skrevet .

– Bedriftene har ikkje investert i arbeidskrafta som har vore her i sju-åtte år no, men har eit bruk og kast-forhold til dei. Det blei tidleg klart at desse kom for å bli, seier Jonas Bals, rådgjevar i Fellesforbundet til Klassekampen.

Sjølv om allmenngjeringa og solidaransvaret har betra forholda for utanlandske arbeidstakarar, er han bekymra for utviklinga og peiker særleg på to problem.

– For det fyrste tilset ikkje produksjonsbedriftene folk lenger, og i alle fall ikkje austeuropearar. Det andre er ein smitteeffekt av det fyrste. Me har sett mange eksempel på ordinære bedrifter som erstattar arbeidsavtalar med tilkallingsavtalar.

Fellesforbundet ønsker strengare krav til bruk av innleigd arbeidskraft.

Det er i dag lov til å bruka innleigd arbeidskraft, etter avtale med tillitsvalde.

– Dette er ei nøtt som fagrørsla slit med, seier Bals.

– For det fyrste må utleige erstattast med fast tilsetjing i produksjonsbedrifter. For det andre må hovudregelen vera fast tilsetjing, også i bemanningsselskapa, seier han.

Les heile sak her: http://klassekampen.no/61132/article/item/null/slik-vil-dei-bremsa-innleige