Vil deponere farlig avfall

13.08.2015
Eramet Norway A.S søker om å etablere industrideponi for farleg avfall på Kviå i Sauda.
Deponiet skal etablerast i nedre del av eit dalføre sørvest for avslutta deponi Felt A. Saudafjorden ligg 450-500 meter vest for deponiet.



Deponiet vil vere for forleg avfall og ha eit makimalt tilgjengeleg volum på ca. 210000 kubikkmeter. Forventa levetid for deppniet er 11-22 år.

Avfallet som skal deponerast, er avvatna røykslam frå smelteprosessen til Eramet Norway A.S avdeling Sauda og avdeling Porsgrunn.

Røykslammet har hovedinnhald av mangan, silisium og kalium. Det har eit høgt innhald av PAH, bly og sink og er karakterisert som farleg avfall.

Bedrifta har planlagt å bruke silikomanganslagg frå smelteprosessen hjå Eramet i Kvinesdal til å byggje opp, stabililsere og drenere deponiet. Mengda avvatna røykslam vil vere ca. 10000-20   tonn per år.

 

Deponet vil bli etablert slik at det er i samsvar med krava til deponi for farleg  i kapittel 9 i avfallsforskrifta. Dette inneber blant anna dobbel botntetting og oppsamling av sigevatn frå deponet. Sigevatnet vil bli reinsa før det blir sleppe til grunn.

 

Søknaden og konsekvensutreiinga til bedrifta er lagt ut til offentleg innsyn på kundetorget i Sauda kommune.


Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund