bybane

Stavanger spinner, og næringslivet vil hjelpe til. Nå tilbyr bedriftene å spytte inn penger til en eventuell tunnelbane.

Skrevet .

– Utan det same næringslivet hadde me heller aldri hatt fire felt motorveg, seier fylkesordførar Janne Johnsen (H), som gler seg over privatinitiativet.

Framleis er det ikkje klart om Fylkestinget i Rogaland vil ha bybaneløysing eller ein såkalla bussveg, melder NRK Rogaland.

Om dei går for bybane, seier nå næringslivet at dei vil gå tungt inn med økonomisk støtte. Eit av krava er at den første traseen blir lagt frå dobbelsporet på Gausel over næringsområdet Forus til Stavanger lufthavn Sola.

– Dette er eit utruleg bra signal frå næringslivet. Dei seier at dei vil bli med å bidra eller gjera det sjølv. Det seier også noko om at det er eit behov her som er større enn me har sett, seier fylkesordførar i Rogaland, høgrepolitikar Janne Johnsen.

Fleire tusen rogalendingar har arbeidsplassen sin på Forus, der mellom anna Statoil har hovudkvarteret sitt.

Den einaste kollektivmoglegheit for dei tilsette er buss, som må stampa i køen som pregar regionen.

Dette er næringslivet leie av, Siemens Norge skal bygga nytt hovudkvarter og dobla talet på tilsette frå 250 til 500.

Men for å bli på Forus må bybanen på plass. Dei er ei av bedriftene som vil gå inn med pengar.

– Når me har tenkt plassering av nytt bygg har me tenkt på bybanen, slik at folk kan koma seg enkelt til og frå. Det er veldig viktig for oss, seier Helge Tjøstvedt, direktør for Siemens Norge.