hsh_bygg

Eit samla høgskulestyre vedtok  førre veke  ny struktur for leiing, råd og utval i HSH. No vil styret styrkje rektoratet i høgskulen i tida som kjem.

Skrevet .

Saka om ny struktur vart som kjend utsett frå førre styremøte. Eit av dei store spørsmåla var om HSH i sin nye leiingsstruktur skulle gå for viserektor/prorektor for FoU, eller ein fagleg rådgjevar i rektoratet, eller ingen av delane.

– Uansett kva styret bestemmer seg for er det viktig for meg å signalisere at mi erfaring tilseier at me treng å styrkje rektoratet, innleia styreleiar og rektor Liv Reidun Grimstvedt møtet med.

Det fekk ho eit samla styre med seg i.

Undervegs i drøftingane tok styremedlemmene Stine Øye og Svein Abrahamsen til orde for at styret måtte lytte til organisasjonane, som i si høyring peikte på at leiinga i HSH måtte styrkjast med ei viserektorstilling med vekt på forsking og utvikling.

– Slik saka står no får dette innspelet komme med i drøftingane om eit år, når me då skal evaluere denne nye ordninga og kor me drøfter ny leiingsmodell for høgskulen, blei styret einige om.

Dei ga rektor og direktør fullmakt til å vurdere behovet for å tilsetja ein fagrådgjevar i rektoratet.

I debatten om ny struktur for leiing, råd og utval påpeikte styremedlem Ernst Wilhelmsen frå dei tekniske/administrative tilsette at den nye strykturen måtte sikre god involvering og dialog mellom fag, administrasjon og verda utforbi høgskulen.

– Det er heilt avgjerande for å lukkast, sa han. Også det slutta styret seg til.

Les meir her: http://www.hsh.no/nyheter/2013110000002351