nordmenn_eldre_691080i

Arbeiderpartiet vurderer å heve pensjonsalderen til 75 år – eller kanskje fjerne aldersgrensa heilt, melder NRK.

Skrevet .

– I dag verkar aldersgrensene som stengsel for pensjonsreforma. No kan folk gå av frå dei er 62 til 75 år gamle, og ein kan arbeide ved sida av pensjonen. Aldersgrensene er med å hindre dette, seier pensjonstalsmann i Arbeiderpartiet, Steinar Gullvåg til Politisk Kvarter.

Å sette opp pensjonsalderen til 75 år omtalar han som «ein god idé», men han er òg open for å gå lenger:

– Mange land har ikkje aldersgrenser i loven. Kanskje skal vi overlate dette til partane i arbeidslivet, foreslår Gullvåg.

I dag legg Senter for Seniorpolitikk fram nye tal som viser at det vil vere særs lønsamt å få folk til å stå lengre i arbeid. Dersom folk står eit halvt år lenger i arbeid blir vinsten 15 milliardar i året. Står folk eit år lenger, blir talet nær det doble.

Kari Østerud, direktør i Senter for Seniorpolitikk, meiner å sjå mange positive politiske tendensar.

– Mange politiske parti har endra syn på aldersgrenser. Det er bra. Ein må ha med seg partane i arbeidslivet, men ikkje alle særaldersgrenser er avtalefesta.

Les heile saka her: http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.10910994